tirsdag 9. februar 2010

Det var ein gong...


...på eit tog. Mange timar med ingenting å finne på gjorde at to nøster garn, eit par strikkepinnar og ei nybegynnerbok fann vegen ned i reiseveska mi. Grunnen til det var en del inspirasjon frå Magfly og etterkvart andre strikkeblogga eg begynte å lese etterpå.

Så når toget rulla ut av perrongen var det berre å opne boka på side ein og lære korleis ein legg opp, for det har eg aldri gjort sjølv før(på tide å lære det!). Ein liten repetisjon av rettmasker viste at desse satt ok, før vrangmaskene etter ei stund òg gjekk greitt. Det vansklegaste var faktisk å sjå kva som var rett og vrangt når eg snudde og skulle strikke mønster! Etter turen fram og tilbake såg min kjære prøvelapp slik ut:

Kanskje blir det noke av det etter kvart?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar