onsdag 28. september 2011

Fantastiske sokkar!


Etter at eg fekk sjå sokkane systra mi hadde strikka før jul, gjekk eg rett i ein nettbutikk og bestilte garnet. Fargane er fantastiske og akkurat slik eg ville ha dei!


Sidan sokkemønstera eg fann var for tynnare garn, bestemte eg meg for å bruke Drops design si oppskrift. Etter å ha strikka 20 cm av skaftet skjønte eg kvifor det sto herresokkar i overskrifta; leggen var laga for skikkelige mannebein, noko eg ikkje har. Eg fakk redda meg litt inn, men dei er framleis litt store i skaftet. Desse er favorittar i støvlane, og når eg vil ha gode tjukke sokkar å hive utanpå buksa :)


Mønster: Drops herresokkar i Big Fabel
Garn: Big Fabel frå Drops, farge 677p - grønn/turkis
Pinnar: 4
Ferdig mai 2011

tirsdag 27. september 2011

Et lite testprosjekt


Eg har høyrt mykje bra om garnet Lerke (50/50 ull bomull), så eg tenkte eg skulle prøve det. Eg syns det deler seg litt, men det er jo mjukt og godt. Sokkane er frå Nøstebarn, og då eg skynda meg for å bli ferdig las eg litt feil i oppskrifta. I staden for 8 riller strikka eg 8 rader... Så dei er litt korte i skaftet, men kan sikkert brukast likevel.

Mønster: Madam Møllers babysokkar #1904, Nøstebarn
Pinnar: 3
Garn: Lerke
Ferdig: mai 2011

mandag 26. september 2011

Ei lita gåve


Ei venninne av meg fekk ein liten gut i mars (vel, tre av mine venninner fekk kvar sin gut i mars...) så då måtte det stikkast litt. Desse vart til på tidlegare nemnt Harstadtur, og sendt i veg til Trondheim.

Mønster: Vottar og smetteskjerf
Pinnar: 3
Garn: Viking Edda garn, lys lilla
Ferdig: mars 2011

søndag 25. september 2011

Blueberry waffles


Sidan eg byrja å strikke har eg sett mykje fint som eg kunne tenkt meg. Ein av dei første tinga var desse sokkane, kanskje mykje på grunn av fargen. Då eg fann oppskrifta var denne veldig mykje enklare enn eg hadde trudd, og det tok ikkje lang tid før desse var ferdige. Mønsteret er litt vridd, så neste gong vil eg prøve å få vridd det på plass før eg byrjar på helen. Og eg kjeme nok til å strikke eit par til, ja.

Dei vart strikka då eg i mars tilbrakte eit par veker i Harstad. Vi hadde ikkje så mykje å finne på ein heil kveld på hotellrommet, men kvitvin og strikking gjorde kveldane litt betre :)


Mønster:Blueberry waffles
Garn: Silja
Pinnar 3,5
Ferdige: mars 2011

fredag 23. september 2011

Babysokkar med blondekant


Lilla er ein farge som eg meiner går både til gutar og jenter. Nå eg då ikkje visste om det blei gut eller jente passa dette perfekt. Dei blei søte, men likte ikkje heilt foten. Blondemønsteret bør òg repeterast tre gonger for å få ein høgre kant.


Mønster: Baby booties with lace edge
Pinnar: 3?
Garn: Viking Eddagarn, lyselilla
Ferdige: mars 2011

Lenka til mønsteret er til Ravelry. Dette er eit lukka område berre for medlemmer. Det er gratis og veldig verdt å logge seg inn. Her kan ein finne mønster til det meste, og sjå kva andre har laga av garnet ein har liggane.

torsdag 22. september 2011

Vaskekluta

Då var det gått ei lang stund med same tendens som i vår; strikkinga held fram, men bloggen blir nedprioritert.


Eit enkelt prosjekt når ein byrjar å strikke er klutar, eller koppetuer som eg ser det vert kalla. Etter at eg flytta aleine i mai har det vert greitt å ha ein liten stabel med klutar tilgjengeleg. Mønstert til desse er supert; enkelt og fint. Garnet veit eg ikkje heilt om er det beste sidan det er behandla, men det var det eg hadde for hand :)


Mønster: Husmor Marias koppetue
Garn: Gjestdal Bomull Sport
Pinne: 4