onsdag 10. februar 2010

Blomst


Til jul fekk eg gåvekort på bokhandelen, og bestemde meg då for å kjøpe ei strikkebok. "Strikking - gammel teknikk i ny design" av Lilly Secilie Brandal og Bente Myhrer fann vegen heim, og den enklaste oppskrifta eg fann var ein liten blomst. Garnet var ein rest frå eit prosjekt systra mi strikka på, og pinnane nokre eg fann nederst i ein plastpose(3,5). Strikka rundt nokre centimeter og snurpa saman. Fargane er mine favorittar, for her med meg er det blått, lilla og grønt som gjeld. Etter at eg sydde i ei lita perle i midten sa eg meg ferdi. Men at det liknar på ein blomst må ein nok ha litt fantasi for å sjå... Skjønn er den i alle fall.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar