Eg fekk noko garn av mamma då eine strikkebutikken heime hadde opphørssal. Tre nøster alfa i marineblå og mørk sjøgrøn var noko av det. Dei to sjøgrønne nøstene blei til eit par til med Belles Mittens, og garnmengda var nøye berekna. Tilsaman 1 meter garn var igjen då alle trådar var festa! Oppskrifta på desse vottane er veldig enkel å følge, og blir meir enn lange nok om ein byrjar på omgang 16. Utan spesiell mottakar og med ein liten knute inne i handa enda dei opp heime med mamma.
Mønster: Bellas Mittens
Garn: Sjøgrønn Sandnes Alfa
Pinne: 5
Ferdig: 22. januar 2012