søndag 21. oktober 2012

Enkelt, rillestrikka sjal

Mormor satt mykje i ro på sjukeheimen og trengte noko varmt over skuldrane. Til bursdagen i vår fekk ho dette rillestrikka sjalet strikka på enklaste måte. Garnet var eit nytt bekjentskap for meg og kjøpt på nett. Det var ein annan farge enn eg trudde og litt hardare, men blei veldig bra etter vask.

Mønster: Rillestrikka sjal
Garn: New Zealand Lammeuld
Farge: Petrolgrønn
Mengde: 56 gram
Pinne: 4,5
Ferdig: 14. mars 2012

torsdag 18. oktober 2012

Fiskehalevarmarar! Eller?!?

Den mørke lillafargen til Drops Alpaca er heilt fantastisk fin! Så i fjor haust måtte eg berre kjøpe eit nøste uten å ha em plan for det. Etter litt søking fann eg mønsteret Fishtail wristwarmers, og byrja på det.

Det gjekk greitt med strikkinga, men eg innsåg ganske fort at garnet ikkje var heilt rett til mønsteret. Vridde rettmasker gir ekstra mykje arbeid, men mørkt, hårete garn skjulte dessverre slitet. Eit nøste var akkurat nok, og dei blei brukt på ein kald lesesal i vinter. Alpakka er mjukt og godt, men eg syns likevel det stikk litt. Men fine er dei :)

Mønster: Fishtail wristwarmers
Garn: Drops Alpaca
Farge: Lilla 4400
Mengde: 48 g
Pinnar: 3
Ferdig: 8. februar 2012
 

tirsdag 16. oktober 2012

Restegarnshue...

Eg trengte ei ekstra hue i fjor, og heilt enkel og einsfarga var alt den trengte å vere. Sidan eg hadde nokre smårestar med merino frå dei vridde halsane, tenkte eg å bruke desse. Eg innsåg ikkje før etter eg hadde felt av at ein ikkje treng bruke heile restenøstet på ein gong. For denne hua hadde nok tatt seg betydelig betre ut med striper og kanskje ein dusk. Men når hua i tillegg til å sjå litt rar ut blei hakket for lita, blei den som den blei. Eg har brukt den og den er god, men ingen favoritt dessverre.

Mønster: Hua i Naturligvis vintersett
Garn: Abuelita tjukk merino, svart, koksgrå og lilla, 60 gram
Pinnar: 5-5,5
Ferdig: 14. januar 2012