tirsdag 13. april 2010

Babysko


Så har eg faktisk klart å ferdi noko litt skikkeligare. Ettersom vi skulle på besøk til ei lite jente for første gong i påska passa det å prøve seg på noken sokka. Mamma fann mønster i sine gamle strikkeblad, og eg klarte å¨få dei ferdige på to dagar. Søte blei dei og :)

Mønster: Frå eit gamalt Sandneshefte
Garn: ferskenrosa ullgarn frå mamma sitt lager
Pinnar: 3

onsdag 3. mars 2010

Skjerf te lisjebroren


Fekk sist eg var heime oppdrag å skulle strikke skjerf. Det måtte vere rødt i det, men resten kunne vere svart. Namn måtte til, brodert på medan OL stod på og Noreg var i ferd med å vinne. Den første bokstaven vart difor best...


Garn: Viking Superwash
Pinnar: 3 1/2 (trur eg)
Mønster: 3r, 1 vr vrangbord heile vegen

mandag 1. mars 2010

Kalorimetri :)


Så var det min tur å prøve meg på et panneband. Var litt skeptisk undervegs sia det blei so bredt, men vart superfornøgd når den var ferdi. Fekk likesågodt ei bestilling på ein svart frå mamma:)


Med familien på besøk so fekk A vere modell for den. Ho va ikkje heilt fornøgd med det, men dei bildene legge eg ikkje ut her :)

onsdag 17. februar 2010

Rosa?


Eg fann ut at ein klut virka som eit passande prosjekt. Det tok berre ein dag å strikke, men fleire veker å feste dei to trådane.
Ser mange har strikka den, og eg skjønnar kvifor. Eg syns den blei kjempefin, men ikkje heilt min farge. Skal prøve litt anna garn og lage den litt større neste gong. Og so sjølvsagt i ein blåtone, ikkje rosa :)
Garn: Tuva, Europris
Pinnar: 3,5
Oppskrift: 1. pinne; *1 r, 1 vr* gjenta pinnen ut,
2. pinne; rett
gjenta 1. og 2. pinne til du syns den er stor nok.

Her er bilde av den ilag med det skjønne kortet eg fekk av kjæresten min på søndag :)


Var og å kjøpte meg plastkasse til strikketinga mine her om dagen. Det er ikkje så veldig mykje der, men litt forskjellig. Skal bli kjekt å prøve fleire ting etter kvart.

torsdag 11. februar 2010

Panneband


Planen var egentli å begynne på eit sjal, men garnet var altfor tjukt. Det skulle strikkast på pinnar 8, men såg ut som om det var sytråd, og eg kom heim med viking balder-garn. Men då var det berre å finne eit anna prosjekt, så då vart det eit tjukt panneband. Det vart strikka på vei tilbake til Bergen etter juleferien, på pinnar 8. Berre vanleg rillestrikk fram og tilbake.

Eg er ikkje så stor fan av så store panneband, så dette blei en del av bursdagsgåva til mi beste venninne, L. Det verka iallefall som at det fall i smak :)

onsdag 10. februar 2010

Blomst


Til jul fekk eg gåvekort på bokhandelen, og bestemde meg då for å kjøpe ei strikkebok. "Strikking - gammel teknikk i ny design" av Lilly Secilie Brandal og Bente Myhrer fann vegen heim, og den enklaste oppskrifta eg fann var ein liten blomst. Garnet var ein rest frå eit prosjekt systra mi strikka på, og pinnane nokre eg fann nederst i ein plastpose(3,5). Strikka rundt nokre centimeter og snurpa saman. Fargane er mine favorittar, for her med meg er det blått, lilla og grønt som gjeld. Etter at eg sydde i ei lita perle i midten sa eg meg ferdi. Men at det liknar på ein blomst må ein nok ha litt fantasi for å sjå... Skjønn er den i alle fall.

tirsdag 9. februar 2010

Det var ein gong...


...på eit tog. Mange timar med ingenting å finne på gjorde at to nøster garn, eit par strikkepinnar og ei nybegynnerbok fann vegen ned i reiseveska mi. Grunnen til det var en del inspirasjon frå Magfly og etterkvart andre strikkeblogga eg begynte å lese etterpå.

Så når toget rulla ut av perrongen var det berre å opne boka på side ein og lære korleis ein legg opp, for det har eg aldri gjort sjølv før(på tide å lære det!). Ein liten repetisjon av rettmasker viste at desse satt ok, før vrangmaskene etter ei stund òg gjekk greitt. Det vansklegaste var faktisk å sjå kva som var rett og vrangt når eg snudde og skulle strikke mønster! Etter turen fram og tilbake såg min kjære prøvelapp slik ut:

Kanskje blir det noke av det etter kvart?

onsdag 3. februar 2010

Smarting altså...

Eg har jo ikkje akkurat vert aktiv her inne, sjølv om eg lese andre sine bloggar kvar dag. Grunnen er at eg ikkje fekk bilda mine inn på dataen; kabelen til kameraet låg nemleg igjen heime. På bussen oppdagar eg at min nye PC har minnekortlesar.... Menmen, no har eg både kabel og minnekortlesar og er klar til å begyne å blogge. I`ll be back!

lørdag 16. januar 2010

Hmm...

Så har eg laga meg nok en blogg... Men no har eg en liten idè om faktisk å skrive noke på den, og sjå om det å blogge er noke for meg. Kan lese andre sine blogga i fleire tima, so hadde no vert kjekt å bidra med noke sjølv :)