Viser innlegg med etiketten hue. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hue. Vis alle innlegg

tirsdag 16. oktober 2012

Restegarnshue...

Eg trengte ei ekstra hue i fjor, og heilt enkel og einsfarga var alt den trengte å vere. Sidan eg hadde nokre smårestar med merino frå dei vridde halsane, tenkte eg å bruke desse. Eg innsåg ikkje før etter eg hadde felt av at ein ikkje treng bruke heile restenøstet på ein gong. For denne hua hadde nok tatt seg betydelig betre ut med striper og kanskje ein dusk. Men når hua i tillegg til å sjå litt rar ut blei hakket for lita, blei den som den blei. Eg har brukt den og den er god, men ingen favoritt dessverre.

Mønster: Hua i Naturligvis vintersett
Garn: Abuelita tjukk merino, svart, koksgrå og lilla, 60 gram
Pinnar: 5-5,5
Ferdig: 14. januar 2012
 

lørdag 14. januar 2012

Jacques Cousteau-hue


Å finne på gåve til pappa er ikkje alltid like enkelt. Til farsdag i november tenkte eg han måtte få ei ny hue, for den gamle byrja å sjå ganske slitt ut. Denne hua er ganske kjedelig å strikke fram til fellinga, med berre ribbestrikk heile vegen. Fellinga er derimot superkul og ser veldig bra ut når ein bruker hua.


Strikka den med litt tjukkare garn og pinnar enn i oppskrifta og la då opp til damestørrelsen. Dette passa veldig bra til pappa.


Mønster: Jacques Cousteau hat
Garn: Drops Merino Extra Fine, svart
Pinne: 4
Ferdig: oktober 2011


Den er stor nok!

søndag 8. januar 2012

Picklesbesøk og resultatet frå det

I sommar jobba eg sju veker i Oslo. Blant dei tinga eg fekk med meg frå hovudstaden var eit besøk på Pickles sitt garnlager en torsdag i juni. Oppskriftsboka og to(eller var det tre?) nøster/hesper nydeleg garn blei med meg heim på hotellrommet.


Eg prøvde først ut nokre pulsvarmarar frå boka i ein fantastisk blåfarge. Abuelita Tjukk Merino er supermjukt og resultatet blei veldig bra. Etter at eg var ferdig med dei innsåg eg at dei ikkje var til meg. Eg frys mest rundt handleddet og nedover armen. Då blir desse rett og slett litt for korte. No i jula fann dei seg ein ny eigar i systera mi som gjerne ville overta dei.


Mønster: Rett fram kjøresett, håndleddsvarmere, frå Pickles favoritter
Garn: Abuelita Tjukk Merino, Kornblomst
Pinnar: 3,5
Ferdige: juli 2011



Planen for det andre nøstet(eg trur forresten det var to) var ei bukse frå boka, men eg strikka den vel lita og måtte rekke opp. Det vart då heller til to prosjekt og eg har framleis litt garn igjen. Brunfargen er melert, og garnet nydeleg mjukt.


Pebblevesten fann eg etter leiting på Ravelry. Den er veldig enkel å strikke og resultatet er utruleg fint. Med knappar blir den endå finare, for desse liver opp den litt trauste brunfargen. Den har framleis ingen mottakar, men eg finn vel ein etter kvart.


Mønster: Pebblevest
Garn: Pickles Extra Fine Merino, brunmelert
Pinnar: 3,75
Ferdig: juli 2011



Neste prosjekt blei ei Aviatrixhue. Dette er nok eit mønster eg har sett på mange bloggar, og oppskrifta er laga for mange ulike typar garn og pinnestørrelsar. Å få sydd i knappane tok nokre månadar, men no er hua heilt klar. Eg trur ikkje vesten og hua får same mottakar på størrelsane er ganske ulike, om lag nyfødd for vesten og om lag eit år for hua.


Mønster: Aviatrix baby hat
Garn: Pickles Extra Fine Merino
Pinnar: 3,25
Ferdig: august 2011

fredag 6. januar 2012

Herminehue og nytt år!


Så var vi komne til 2012. Fjoråret var eit toppår når det gjeld strikking, men blogginga er framleis litt nedprioritet. Eg har mange bilder av ferdige prosjekt på PCen, og målet for januar er å få blogga alt saman. Det er kjekkare å blogge ting som eg nettopp er ferdig med. Litt lettare å huske pinnestørrelse, garn og mønster er det òg.

Denne hua blei nok til i vår ein gong. Mamma ønskte seg ei svart hue og eg ville gjerne prøve ut dette mønsteret. Harry Potter er ein favoritt, men eg blir framleis imponert over strikkarar som klarer å legge merke til klesplagg i frå filmar. Eg fokuserer visst mest på sjølve hendinga i filmane... Hua er lett å strikke, og blir veldig fin. Eg hadde litt lite garn, så laga den i barnestørrelse då eg syns den såg stor nok ut. Det blei den, ikkje til meg, men til mamma som var mottakar.


Mønster: Herminehue
Garn: Drops Merino Extra Fine, fargenr. 2 svart, omlag 100 gram.
Pinnar: 4
Ferdig: vår 2011

søndag 30. oktober 2011

Bestillingshue


Eg visste ikkje heilt kva eg skulle byrje på, så eg spurte lisjebroren om han ville ha noko. Bestillinga vart ei raud hue (yndlingsfargen) med dusk. Eg hadde då ei god unnskyldning for å bestille litt nytt garn, og gjorde det via strikkenett.no. Rask levering og eg fekk med eit oppskriftshefte i tillegg. Hua gjekk fort på store pinnar, og var enkel å strikke. Dusken sulle vere stor, men eg overdreiv garnmengda litt (les: masse) og hua datt nesten av hovudet på grunn av tyngda av dusken. Mamma måtte fikse den med å dra ut litt trådar…


Mønster: Dropshue med dusk
Garn: Drops Eskimo, rød
Pinnar: 9
Ferdig: mars 2011


Hua passa visst fleire enn den var tiltenkt :P

onsdag 5. oktober 2011

Molly

















I sommar jobba eg i Oslo eg hadde ikkje så mykje å gjere kvar ettermiddag. Det blei då litt strikketid framfor TVen. Sidan eg skulle til Svalbard i august måtte eg ha litt varme ullkle, og ei ny hue. Mønsteret var veldig enkelt, og blei superfint!




Mønster: Molly
Pinne: 4
Garn: Drops Merino Extra Fine, mørk lilla
Ferdig: juli 2011