Viser innlegg med etiketten sokkar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sokkar. Vis alle innlegg

mandag 18. juni 2012

Endelig!!!

Masteroppgåve er innlevert, forsvart og bestått, så no er det ferie!

Det meste har blitt nedprioritert det siste halve året, og ikkje eit einaste prosjekt ferdig i 2012 er blogga. Eg har tenkt å gjere noko med det framover, slik at ikkje noko går i gløymeboka. Det er framleis nokre prosjekt frå 2011 igjen, men snart håpar eg det er oppdatert her inne!


Desse sokkane er strikka etter basisoppskrift i Strikk luer, votter, sokker med forsterka hel. Dei fann veien til ein lisjebror med ullsokkmangel.


Mønster: Raggsokk
Garn: tjukt, raudt sokkegarn frå loftet til mormor
Pinnar: 4 trur eg
Ferdig: desember 2011

torsdag 5. april 2012

Bestillingssokkar


Peter trengte sokkar og eg hadde garn liggane. Garnet blei kjøpt som det første sokkegarnet eg skulle prøve meg på. Den gongen mista eg oppskrifta og måtte rekke opp. Denne gongen gjekk det mykje betre, med same improviserte oppskrift som sist.


Mønster: Trollsokkar
Garn: Ida sokkegarn
Pinnar: 3,5

fredag 14. oktober 2011

Trollsokkar


Då mamma og pappa skulle rydde litt med Besten fann dei to søppelsekkar med garn. Mykje rare ting, men òg mykje ullgarn i flotte fargar. Sidan eg ikkje strikkar i store mengder klarte eg å berre ta med eit par nøster heim. Det eine var eit hespe koksgrått sokkegarn kalla Trollgarn. Kva det bestod av anna enn "blanding av ull og nylon" var ikkje råd å finne ut, og anbefalt pinnestørrelse eksisterte heller ikkje. Oppskrift på sokkar blei då til litt på sparket og med element frå ulike plassar. Sokkane er gode og varme, og sjølv om helfellinga gav litt klumpar er dei flotte å ha i skoa.


Mønster: Trollsokkar, eigenkomponert
Garn: Trollgarn, koksgrå
Pinnar: 3,5 mm
Ferdig: september 2011

mandag 10. oktober 2011

Raude sokkar


I jula i fjor fekk eg høyre at min kjære gjekk med raude søkkar då han var liten. Dette har blitt litt harselert med i det siste, og då han ønska seg gode og varme sokkar til Svalbardtur, var ikkje fargevalet noko vanskeleg.

Garnet er Arwetta Strømpegarn kjøpt frå 123knit. Eg la først opp på pinnar 2,5 til Java-sokkar. Det blei veldig fint, men etter å ha strikka nokre cm, innsåg eg at dette ikkje blei sokker til Svalbard i august. I alle fall ikkje august dette året... Løysinga blei vanlege tjukkesokkar i dobbelt garn. Sokkan blei overrekt på vårt 2 års jubileum, på Flesland på veg til Svalbard.


Mønster: Tjukkesokkar
Garn: Arwetta strømpegarn - raud (139)
Pinnar: 3,5
Ferdige: 16. august 2011


Her er sokkane saman med mine eigne fantastiske vaffler :)

onsdag 28. september 2011

Fantastiske sokkar!


Etter at eg fekk sjå sokkane systra mi hadde strikka før jul, gjekk eg rett i ein nettbutikk og bestilte garnet. Fargane er fantastiske og akkurat slik eg ville ha dei!


Sidan sokkemønstera eg fann var for tynnare garn, bestemte eg meg for å bruke Drops design si oppskrift. Etter å ha strikka 20 cm av skaftet skjønte eg kvifor det sto herresokkar i overskrifta; leggen var laga for skikkelige mannebein, noko eg ikkje har. Eg fakk redda meg litt inn, men dei er framleis litt store i skaftet. Desse er favorittar i støvlane, og når eg vil ha gode tjukke sokkar å hive utanpå buksa :)


Mønster: Drops herresokkar i Big Fabel
Garn: Big Fabel frå Drops, farge 677p - grønn/turkis
Pinnar: 4
Ferdig mai 2011

søndag 25. september 2011

Blueberry waffles


Sidan eg byrja å strikke har eg sett mykje fint som eg kunne tenkt meg. Ein av dei første tinga var desse sokkane, kanskje mykje på grunn av fargen. Då eg fann oppskrifta var denne veldig mykje enklare enn eg hadde trudd, og det tok ikkje lang tid før desse var ferdige. Mønsteret er litt vridd, så neste gong vil eg prøve å få vridd det på plass før eg byrjar på helen. Og eg kjeme nok til å strikke eit par til, ja.

Dei vart strikka då eg i mars tilbrakte eit par veker i Harstad. Vi hadde ikkje så mykje å finne på ein heil kveld på hotellrommet, men kvitvin og strikking gjorde kveldane litt betre :)


Mønster:Blueberry waffles
Garn: Silja
Pinnar 3,5
Ferdige: mars 2011

mandag 4. april 2011

Sokkedilla

Då har eg faktisk klart å gjere ferdig noko av dei tinga eg har hatt liggande :D

Spiralsokkar


Strikka desse etter ei oppskrift i Hjemmet. Etter å ha strikka ein og ein halv sokk la eg dei vekk. Då eg skulle gjere dei ferdi var utklippet forsvumme, og eg måtte improvisere fellinga. Men dette gjekk faktisk bra, og eg fekk ferdi mine første sokkar :)At dei ikkje har hel gjer at det blir litt ekstra stoff på rista, men dei er gode og varme som sofakosesokkar.


Mønster: Spiralsokkar
Pinnar: 3 1/2
Garn: Trysil

Vanlege sokkar


Etter at eg fekk ferdi spiralsokkane måtte eg prøve meg på nokon "skikkelige" sokkar med helfelling. For ei stund sidan kjøpte eg eit par nøste med skikkelig godterigarn, og desse hadde ei oppskrift på bandreolen. Etter å ha komt meg igjennom den er eg ikkje 100 % fornøgd, men sokkar er det blitt, i ein svært frisk fargekombinasjon:) Den første sokken vart allllt for lang då eg målte frå feil stad, men etter litt opprekking er dei tilnærma like.


Mønster: frå bandreolen til Labbegarn
Pinnar: 3 1/2
Garn: Labbegarn, Trysil