Viser innlegg med etiketten Vottar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vottar. Vis alle innlegg

tirsdag 19. juni 2012

Fleire Bellas...


Eg fekk noko garn av mamma då eine strikkebutikken heime hadde opphørssal. Tre nøster alfa i marineblå og mørk sjøgrøn var noko av det. Dei to sjøgrønne nøstene blei til eit par til med Belles Mittens, og garnmengda var nøye berekna. Tilsaman 1 meter garn var igjen då alle trådar var festa! Oppskrifta på desse vottane er veldig enkel å følge, og blir meir enn lange nok om ein byrjar på omgang 16. Utan spesiell mottakar og med ein liten knute inne i handa enda dei opp heime med mamma.


Mønster: Bellas Mittens
Garn: Sjøgrønn Sandnes Alfa
Pinne: 5
Ferdig: 22. januar 2012 

lørdag 7. januar 2012

Bellas Mittens


Eg held fram med mønster frå filmar. Etter å ha sett desse Twilight-vottane på svært mange bloggar då eg nettopp hadde byrja å strikke, var det på tide å prøve seg på dei. Eg strikka dei med dobbel tråd Rubin, men på første forsøk vart dei altfor små. Eg la dei litt vekk, og då eg prøvde neste gong med same garn og pinnar vart dei passlige. Strikkefastheita kan endre seg! Dette var første forsøk med flette og det var enklare enn eg hadde trudd. Sidan det er tjukt garn går det fort, og vottane er supre på! Eg strikka den kortaste versjonen og den er meir enn lang nok for min del. Desse vottane vart til slutt (om lag eit år etter at dei vart ferdige) til julegåve til ei god venninne.


Garnet er noko av det eg fann på ei lita opprydning med mormor. Eg har nok til eit par til i alle fall, så får vi sjå når det blir noko av…


Mønster: Bellas Mittens
Garn: dobbel tråd Rubin Superwash, farge 364 koksgrå, 134 gram.
Pinnar: 5
Ferdige: hausten 2010

mandag 28. november 2011

Vottar på to pinnar

Mamma bestilte svarte vottar etter at eg byrja å strikke, og fekk dei liksom til morsdagen 2010. Då var ein vott neste ferdig, og eg var ikkje veldig motivert. Mønsteret er for så vidt enkelt, men størrelsen blei aldri riktig. Etter å ha byrja på fire vottar, satt eg igjen med to som var like store. Strikking av tommel og samansying tok ikkje lang tid, og eit halvt år for seint blei vottane overlevert…


Dei er ikkje veldig fine, men held som køyrevottar til jobben for mamma. Garnet er supermjukt, men splittar seg litt. Det gjer likevel ikkje så mykje og eg syns det er eit flott garn til tilbehør som skal vere nær huda.

Mønster: Votter på to pinner, side 67 i Strikking av Lilly Secilie Brandal og Bente Myhrer
Garn: Drops Merino Extra Fine, svart
Pinnar: 4
Ferdige: august 2010