søndag 21. oktober 2012

Enkelt, rillestrikka sjal

Mormor satt mykje i ro på sjukeheimen og trengte noko varmt over skuldrane. Til bursdagen i vår fekk ho dette rillestrikka sjalet strikka på enklaste måte. Garnet var eit nytt bekjentskap for meg og kjøpt på nett. Det var ein annan farge enn eg trudde og litt hardare, men blei veldig bra etter vask.

Mønster: Rillestrikka sjal
Garn: New Zealand Lammeuld
Farge: Petrolgrønn
Mengde: 56 gram
Pinne: 4,5
Ferdig: 14. mars 2012

torsdag 18. oktober 2012

Fiskehalevarmarar! Eller?!?

Den mørke lillafargen til Drops Alpaca er heilt fantastisk fin! Så i fjor haust måtte eg berre kjøpe eit nøste uten å ha em plan for det. Etter litt søking fann eg mønsteret Fishtail wristwarmers, og byrja på det.

Det gjekk greitt med strikkinga, men eg innsåg ganske fort at garnet ikkje var heilt rett til mønsteret. Vridde rettmasker gir ekstra mykje arbeid, men mørkt, hårete garn skjulte dessverre slitet. Eit nøste var akkurat nok, og dei blei brukt på ein kald lesesal i vinter. Alpakka er mjukt og godt, men eg syns likevel det stikk litt. Men fine er dei :)

Mønster: Fishtail wristwarmers
Garn: Drops Alpaca
Farge: Lilla 4400
Mengde: 48 g
Pinnar: 3
Ferdig: 8. februar 2012
 

tirsdag 16. oktober 2012

Restegarnshue...

Eg trengte ei ekstra hue i fjor, og heilt enkel og einsfarga var alt den trengte å vere. Sidan eg hadde nokre smårestar med merino frå dei vridde halsane, tenkte eg å bruke desse. Eg innsåg ikkje før etter eg hadde felt av at ein ikkje treng bruke heile restenøstet på ein gong. For denne hua hadde nok tatt seg betydelig betre ut med striper og kanskje ein dusk. Men når hua i tillegg til å sjå litt rar ut blei hakket for lita, blei den som den blei. Eg har brukt den og den er god, men ingen favoritt dessverre.

Mønster: Hua i Naturligvis vintersett
Garn: Abuelita tjukk merino, svart, koksgrå og lilla, 60 gram
Pinnar: 5-5,5
Ferdig: 14. januar 2012
 

tirsdag 19. juni 2012

Fleire Bellas...


Eg fekk noko garn av mamma då eine strikkebutikken heime hadde opphørssal. Tre nøster alfa i marineblå og mørk sjøgrøn var noko av det. Dei to sjøgrønne nøstene blei til eit par til med Belles Mittens, og garnmengda var nøye berekna. Tilsaman 1 meter garn var igjen då alle trådar var festa! Oppskrifta på desse vottane er veldig enkel å følge, og blir meir enn lange nok om ein byrjar på omgang 16. Utan spesiell mottakar og med ein liten knute inne i handa enda dei opp heime med mamma.


Mønster: Bellas Mittens
Garn: Sjøgrønn Sandnes Alfa
Pinne: 5
Ferdig: 22. januar 2012 

mandag 18. juni 2012

Endelig!!!

Masteroppgåve er innlevert, forsvart og bestått, så no er det ferie!

Det meste har blitt nedprioritert det siste halve året, og ikkje eit einaste prosjekt ferdig i 2012 er blogga. Eg har tenkt å gjere noko med det framover, slik at ikkje noko går i gløymeboka. Det er framleis nokre prosjekt frå 2011 igjen, men snart håpar eg det er oppdatert her inne!


Desse sokkane er strikka etter basisoppskrift i Strikk luer, votter, sokker med forsterka hel. Dei fann veien til ein lisjebror med ullsokkmangel.


Mønster: Raggsokk
Garn: tjukt, raudt sokkegarn frå loftet til mormor
Pinnar: 4 trur eg
Ferdig: desember 2011

torsdag 5. april 2012

Bestillingssokkar


Peter trengte sokkar og eg hadde garn liggane. Garnet blei kjøpt som det første sokkegarnet eg skulle prøve meg på. Den gongen mista eg oppskrifta og måtte rekke opp. Denne gongen gjekk det mykje betre, med same improviserte oppskrift som sist.


Mønster: Trollsokkar
Garn: Ida sokkegarn
Pinnar: 3,5

søndag 1. april 2012

Jula varer heilt til påske...

Intensivering av masterskriving går utover sånn cirka alt anna. Eg har òg flytta i mars, så både blogging og strikking har det dessverre blitt lite av.


Julekulene til Arne og Carlos har eg sett på lenge, og fekk tilslutt boka til bursdagen min i slutten av november. Eg kjøpte inn garn, pinnar og fyllstoff, og fekk strikka fem stykker. Alle vart gitt vekk til jul, og tre av dei hang på juletre i jula. Dei første to vart strikka på pinne 3, noko som resulterte i litt store kuler. Med pinnar 2,5 blei dei heilt passlege til å henge på treet. Sidan eg vart så ivrig med å få dei pakka inn vart det ikkje tatt bilder av dei. Ikkje før eg gjekk rundt i romjula og tok bilder av juletrea til onklane mine.


Mønste: ”Hjerte”, ”Kross og kringle” og ”Åttebladrose” frå Julekuler av Arne og Carlos
Garn: Daletta, raud og offwhite
Pinnar: 3 og 2,5
Ferdig: desember 2011

søndag 25. mars 2012

Vridde halsar


I 2011 ville eg gi vekk nokre heimelaga gåver, men eg er ganske kritisk til kva eg meiner er fint nok til å gjevast vekk. Eg fall for den vridde halsen til Pickles og har til no strikka fire eksemplar; to bursdagsgåver og to julegåver. Det einaste hespe eg har igjen er det eg kjøpte til meg sjølv… Kanskje det blir ein til etterkvart.


Halsen er veldig enkel å stikke når ein først er blitt van med dei tjukke pinnane. Eg syns den blir litt for smal med talet på masker frå oppskrifta og har lagt til litt fleire for å kunne ha den to gonger rundt halsen.


Mønster: Pickles vridd hals
Garn: Abuelita Tjukk Merino; svart, koksgrå, mørk blå og lilla
Pinne: 10
Ferdig: november og desember 2011


Fine fargar!

lørdag 14. januar 2012

Jacques Cousteau-hue


Å finne på gåve til pappa er ikkje alltid like enkelt. Til farsdag i november tenkte eg han måtte få ei ny hue, for den gamle byrja å sjå ganske slitt ut. Denne hua er ganske kjedelig å strikke fram til fellinga, med berre ribbestrikk heile vegen. Fellinga er derimot superkul og ser veldig bra ut når ein bruker hua.


Strikka den med litt tjukkare garn og pinnar enn i oppskrifta og la då opp til damestørrelsen. Dette passa veldig bra til pappa.


Mønster: Jacques Cousteau hat
Garn: Drops Merino Extra Fine, svart
Pinne: 4
Ferdig: oktober 2011


Den er stor nok!

søndag 8. januar 2012

Picklesbesøk og resultatet frå det

I sommar jobba eg sju veker i Oslo. Blant dei tinga eg fekk med meg frå hovudstaden var eit besøk på Pickles sitt garnlager en torsdag i juni. Oppskriftsboka og to(eller var det tre?) nøster/hesper nydeleg garn blei med meg heim på hotellrommet.


Eg prøvde først ut nokre pulsvarmarar frå boka i ein fantastisk blåfarge. Abuelita Tjukk Merino er supermjukt og resultatet blei veldig bra. Etter at eg var ferdig med dei innsåg eg at dei ikkje var til meg. Eg frys mest rundt handleddet og nedover armen. Då blir desse rett og slett litt for korte. No i jula fann dei seg ein ny eigar i systera mi som gjerne ville overta dei.


Mønster: Rett fram kjøresett, håndleddsvarmere, frå Pickles favoritter
Garn: Abuelita Tjukk Merino, Kornblomst
Pinnar: 3,5
Ferdige: juli 2011



Planen for det andre nøstet(eg trur forresten det var to) var ei bukse frå boka, men eg strikka den vel lita og måtte rekke opp. Det vart då heller til to prosjekt og eg har framleis litt garn igjen. Brunfargen er melert, og garnet nydeleg mjukt.


Pebblevesten fann eg etter leiting på Ravelry. Den er veldig enkel å strikke og resultatet er utruleg fint. Med knappar blir den endå finare, for desse liver opp den litt trauste brunfargen. Den har framleis ingen mottakar, men eg finn vel ein etter kvart.


Mønster: Pebblevest
Garn: Pickles Extra Fine Merino, brunmelert
Pinnar: 3,75
Ferdig: juli 2011



Neste prosjekt blei ei Aviatrixhue. Dette er nok eit mønster eg har sett på mange bloggar, og oppskrifta er laga for mange ulike typar garn og pinnestørrelsar. Å få sydd i knappane tok nokre månadar, men no er hua heilt klar. Eg trur ikkje vesten og hua får same mottakar på størrelsane er ganske ulike, om lag nyfødd for vesten og om lag eit år for hua.


Mønster: Aviatrix baby hat
Garn: Pickles Extra Fine Merino
Pinnar: 3,25
Ferdig: august 2011