lørdag 7. januar 2012

Bellas Mittens


Eg held fram med mønster frå filmar. Etter å ha sett desse Twilight-vottane på svært mange bloggar då eg nettopp hadde byrja å strikke, var det på tide å prøve seg på dei. Eg strikka dei med dobbel tråd Rubin, men på første forsøk vart dei altfor små. Eg la dei litt vekk, og då eg prøvde neste gong med same garn og pinnar vart dei passlige. Strikkefastheita kan endre seg! Dette var første forsøk med flette og det var enklare enn eg hadde trudd. Sidan det er tjukt garn går det fort, og vottane er supre på! Eg strikka den kortaste versjonen og den er meir enn lang nok for min del. Desse vottane vart til slutt (om lag eit år etter at dei vart ferdige) til julegåve til ei god venninne.


Garnet er noko av det eg fann på ei lita opprydning med mormor. Eg har nok til eit par til i alle fall, så får vi sjå når det blir noko av…


Mønster: Bellas Mittens
Garn: dobbel tråd Rubin Superwash, farge 364 koksgrå, 134 gram.
Pinnar: 5
Ferdige: hausten 2010

fredag 6. januar 2012

Herminehue og nytt år!


Så var vi komne til 2012. Fjoråret var eit toppår når det gjeld strikking, men blogginga er framleis litt nedprioritet. Eg har mange bilder av ferdige prosjekt på PCen, og målet for januar er å få blogga alt saman. Det er kjekkare å blogge ting som eg nettopp er ferdig med. Litt lettare å huske pinnestørrelse, garn og mønster er det òg.

Denne hua blei nok til i vår ein gong. Mamma ønskte seg ei svart hue og eg ville gjerne prøve ut dette mønsteret. Harry Potter er ein favoritt, men eg blir framleis imponert over strikkarar som klarer å legge merke til klesplagg i frå filmar. Eg fokuserer visst mest på sjølve hendinga i filmane... Hua er lett å strikke, og blir veldig fin. Eg hadde litt lite garn, så laga den i barnestørrelse då eg syns den såg stor nok ut. Det blei den, ikkje til meg, men til mamma som var mottakar.


Mønster: Herminehue
Garn: Drops Merino Extra Fine, fargenr. 2 svart, omlag 100 gram.
Pinnar: 4
Ferdig: vår 2011

mandag 28. november 2011

Vottar på to pinnar

Mamma bestilte svarte vottar etter at eg byrja å strikke, og fekk dei liksom til morsdagen 2010. Då var ein vott neste ferdig, og eg var ikkje veldig motivert. Mønsteret er for så vidt enkelt, men størrelsen blei aldri riktig. Etter å ha byrja på fire vottar, satt eg igjen med to som var like store. Strikking av tommel og samansying tok ikkje lang tid, og eit halvt år for seint blei vottane overlevert…


Dei er ikkje veldig fine, men held som køyrevottar til jobben for mamma. Garnet er supermjukt, men splittar seg litt. Det gjer likevel ikkje så mykje og eg syns det er eit flott garn til tilbehør som skal vere nær huda.

Mønster: Votter på to pinner, side 67 i Strikking av Lilly Secilie Brandal og Bente Myhrer
Garn: Drops Merino Extra Fine, svart
Pinnar: 4
Ferdige: august 2010

søndag 30. oktober 2011

Bestillingshue


Eg visste ikkje heilt kva eg skulle byrje på, så eg spurte lisjebroren om han ville ha noko. Bestillinga vart ei raud hue (yndlingsfargen) med dusk. Eg hadde då ei god unnskyldning for å bestille litt nytt garn, og gjorde det via strikkenett.no. Rask levering og eg fekk med eit oppskriftshefte i tillegg. Hua gjekk fort på store pinnar, og var enkel å strikke. Dusken sulle vere stor, men eg overdreiv garnmengda litt (les: masse) og hua datt nesten av hovudet på grunn av tyngda av dusken. Mamma måtte fikse den med å dra ut litt trådar…


Mønster: Dropshue med dusk
Garn: Drops Eskimo, rød
Pinnar: 9
Ferdig: mars 2011


Hua passa visst fleire enn den var tiltenkt :P

fredag 14. oktober 2011

Trollsokkar


Då mamma og pappa skulle rydde litt med Besten fann dei to søppelsekkar med garn. Mykje rare ting, men òg mykje ullgarn i flotte fargar. Sidan eg ikkje strikkar i store mengder klarte eg å berre ta med eit par nøster heim. Det eine var eit hespe koksgrått sokkegarn kalla Trollgarn. Kva det bestod av anna enn "blanding av ull og nylon" var ikkje råd å finne ut, og anbefalt pinnestørrelse eksisterte heller ikkje. Oppskrift på sokkar blei då til litt på sparket og med element frå ulike plassar. Sokkane er gode og varme, og sjølv om helfellinga gav litt klumpar er dei flotte å ha i skoa.


Mønster: Trollsokkar, eigenkomponert
Garn: Trollgarn, koksgrå
Pinnar: 3,5 mm
Ferdig: september 2011

mandag 10. oktober 2011

Raude sokkar


I jula i fjor fekk eg høyre at min kjære gjekk med raude søkkar då han var liten. Dette har blitt litt harselert med i det siste, og då han ønska seg gode og varme sokkar til Svalbardtur, var ikkje fargevalet noko vanskeleg.

Garnet er Arwetta Strømpegarn kjøpt frå 123knit. Eg la først opp på pinnar 2,5 til Java-sokkar. Det blei veldig fint, men etter å ha strikka nokre cm, innsåg eg at dette ikkje blei sokker til Svalbard i august. I alle fall ikkje august dette året... Løysinga blei vanlege tjukkesokkar i dobbelt garn. Sokkan blei overrekt på vårt 2 års jubileum, på Flesland på veg til Svalbard.


Mønster: Tjukkesokkar
Garn: Arwetta strømpegarn - raud (139)
Pinnar: 3,5
Ferdige: 16. august 2011


Her er sokkane saman med mine eigne fantastiske vaffler :)

onsdag 5. oktober 2011

Molly

















I sommar jobba eg i Oslo eg hadde ikkje så mykje å gjere kvar ettermiddag. Det blei då litt strikketid framfor TVen. Sidan eg skulle til Svalbard i august måtte eg ha litt varme ullkle, og ei ny hue. Mønsteret var veldig enkelt, og blei superfint!




Mønster: Molly
Pinne: 4
Garn: Drops Merino Extra Fine, mørk lilla
Ferdig: juli 2011

tirsdag 4. oktober 2011

Meis i postkassa


Eg har ikkje vert flink til å blogge, men eg har virkelig lest mange bloggar. Eg har òg snusa innom nettbutikkar etter godbitar, og vil gjerne prøve mest mogleg innanfor garn og typar. Noko av det eg har høyrt mykje om er Wollmeise. Eg har vert innom butikken eit par gonger før, men der har alltid vert tomt (er visst vanleg...) Ein fredags morgen i september åt eg frukost og las litt på ulike bloggar. Eg havna inne på Wollmeise sine sider, og plutseleg var der noko å kjøpe! Dette måtte prøvast, så eg fekk bestillt eit hespe merino superwash i fargen bringebær.


Når eg no var heime i helga fekk eg denne pakken. Pappa hadde nesten klart å vere for sein å hente den, og pakken var putta i returkassa. Inne i den låg ei skjerfoppskrift, litt godteri eg eit knallrosa hespe fiiiiint garn. Fargen er ikkje typisk meg, men eg trur nok det blir eit fint sjal etter kvart. Eg har ikkje tenkt å strikke noko på pinne 2 i alle fall...

onsdag 28. september 2011

Fantastiske sokkar!


Etter at eg fekk sjå sokkane systra mi hadde strikka før jul, gjekk eg rett i ein nettbutikk og bestilte garnet. Fargane er fantastiske og akkurat slik eg ville ha dei!


Sidan sokkemønstera eg fann var for tynnare garn, bestemte eg meg for å bruke Drops design si oppskrift. Etter å ha strikka 20 cm av skaftet skjønte eg kvifor det sto herresokkar i overskrifta; leggen var laga for skikkelige mannebein, noko eg ikkje har. Eg fakk redda meg litt inn, men dei er framleis litt store i skaftet. Desse er favorittar i støvlane, og når eg vil ha gode tjukke sokkar å hive utanpå buksa :)


Mønster: Drops herresokkar i Big Fabel
Garn: Big Fabel frå Drops, farge 677p - grønn/turkis
Pinnar: 4
Ferdig mai 2011

tirsdag 27. september 2011

Et lite testprosjekt


Eg har høyrt mykje bra om garnet Lerke (50/50 ull bomull), så eg tenkte eg skulle prøve det. Eg syns det deler seg litt, men det er jo mjukt og godt. Sokkane er frå Nøstebarn, og då eg skynda meg for å bli ferdig las eg litt feil i oppskrifta. I staden for 8 riller strikka eg 8 rader... Så dei er litt korte i skaftet, men kan sikkert brukast likevel.

Mønster: Madam Møllers babysokkar #1904, Nøstebarn
Pinnar: 3
Garn: Lerke
Ferdig: mai 2011