lørdag 7. januar 2012

Bellas Mittens


Eg held fram med mønster frå filmar. Etter å ha sett desse Twilight-vottane på svært mange bloggar då eg nettopp hadde byrja å strikke, var det på tide å prøve seg på dei. Eg strikka dei med dobbel tråd Rubin, men på første forsøk vart dei altfor små. Eg la dei litt vekk, og då eg prøvde neste gong med same garn og pinnar vart dei passlige. Strikkefastheita kan endre seg! Dette var første forsøk med flette og det var enklare enn eg hadde trudd. Sidan det er tjukt garn går det fort, og vottane er supre på! Eg strikka den kortaste versjonen og den er meir enn lang nok for min del. Desse vottane vart til slutt (om lag eit år etter at dei vart ferdige) til julegåve til ei god venninne.


Garnet er noko av det eg fann på ei lita opprydning med mormor. Eg har nok til eit par til i alle fall, så får vi sjå når det blir noko av…


Mønster: Bellas Mittens
Garn: dobbel tråd Rubin Superwash, farge 364 koksgrå, 134 gram.
Pinnar: 5
Ferdige: hausten 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar